Nyhet -
Hyundai er tittelsponsor for Sentrumsløpet
Etter å ha vore bil- og hovudsponsor til Sentrumsløpet sidan 2009 har Hyundai inngått avtale med Idrottslaget i BUL om å vere tittelsponsor for årets store folkefest - løpet heiter no Hyundai Sentrumsløpet!
For Hyundai er det nærliggande å samarbeide med IL i BUL, nettopp fordi både friidrett og Sentrumsløpet handlar om å utfordre seg sjølv, og om å sette ambisjonar og mål for det ein driv med.
- Hyundai jobber etter dei samme verdiane som BUL. Vi søker heile tida å utfordre oss sjølv og å finne høve for forbetring, ein av de fremste driverne til Hyundais suksess, sier Bogdan Lis, markedssjef hos Hyundai.
Hyundai vil også i år stille med biler både i forkant, under og etter løpsdagen for å sørge for å lette arbeidet med alt som skal fraktast, fiksast og ordnast i sammenheng med eit slikt arrangement. Hyundai lovar at det blir nokon overraskelsar for både deltakarar og tilskodarar på sjølve løpsdagen